«Eg saknar eit samandrag i eit klart språk, fritt for framandord om ikkje slike er naudsynte, som eg kan kjenne er forfatta til meg som ein vanleg person», skriver Tor Olav Naalsund om språket i kommunale dokument og planer.

«Eg saknar eit samandrag i eit klart språk, fritt for framandord om ikkje slike er naudsynte, som eg kan kjenne er forfatta til meg som ein vanleg person», skriver Tor Olav Naalsund om språket i kommunale dokument og planer.

Misnøgd med framandord i kommunale dokument:

Etterlyser eit klart språk

Det er eit demokratisk problem at viktige saker for innbuarane er så lite tilgjengeleg, meiner Tor Olav Naalsund som etterlyser eit klart språk i kommunale planer.

Eg interesserer meg for det som skjer i Oppdal, og eg følger jamnt med på direktesendingane av kommunestyremøtene på radio. Når det ikkje er snø er eg mest småbrukar, og da har eg stunder til slikt med høyrevernet med FM- band på gjennom dagen.

Å høyre på møtene er lærerikt. Det er dyktige folk som sett seg inn i sakene sine, og som uttalar seg og meiner forskjellig om det, utifrå si verdiforankring, erfaring og bakgrunn.

Sist kommunestyremøte vart det mellom anna vedteke ny arealplan. Det er ein spennande sak, korleis skal vi forvalte områda våre dei neste åra. Eg brukar i slike vidløftige saker ofte å støtte meg på journalisten si attgiving, der eit byråkratisk språk ofte blir brutt ned til meir klart språk, og eg får servert dei viktigaste utdraga på ein forståeleg måte.

Men denne gongen ville eg sjølv lese meir om «arealplana» som den er omtala som, og går inn på Oppdal Kommune si heimeside. Framsida på heimesida er grei, eg finn ei fane om «Politikk og innsyn», det må openbart være her eg som lekmann skal inn for å få innsyn om politikk.

Første utfordring møter eg da eg kjenner at eg ikkje veit heilt forskjell på kommuneplan og handlingsplan. Eg går inn på begge for å leite etter «arealplan», og det nærmaste eg kjem er Kommuneplanens arealdel 2014- 2025 vedteke i 2015.

Eg forstår lite av innhaldet, men det er eit kart her som eg trur eg kan forstå. Kartet er imidlertid så stort og tungt at det er vanskelig å forstørre og flytte med muspekaren, og fargene som skal forklare er så like at eg forveksler dei. For å forstørre inn på leseleg kartmålestokk er fargeforklaringane så langt utom skjermen at eg ikkje kan samanlikne det eg ser, og er like klok.

Eg startar å tvile på om eg er på rett side, og leitar vidare, dette er jo trass alt frå 2015, og kanskje er ikkje den omtala «arealplana» lagt ut enda.

Eg prøvar vidare og går inn på fana «Høringer og vedtatte planer». Kanskje har eg meir flaks der.

Ny utfordring, under denne fana finn eg reguleringsplaner, både vedteke og varsel om oppstart av slike, og detaljreguleringsplaner. Problemet er at eg forstår lite av det, da eg heller ikkje veit heilt kva ei reguleringsplan er.

Lenger ned under «Andre høringer/ vedtatte planer» finn eg det som liknar mest «vedtatt planprogram rullering kommuneplanens arealdel 2018- 2029» og «revisjon av kommuneplanens arealdel». Begge kan være riktig tekst. Eg kan berre gjette. Inne i teksten finn eg dessverre det eg venta, eit for meg, utilgjengeleg og lite sjølforklarande språk. Eg finn ikkje den oversikten eg søkjer.

Eg har mange år med høgare utdanning, eg har til og med skrive eit hovudfag. Det beste rådet eg fekk den gongen, var å skrive eit knakande godt samandrag, for sensor les berre samandrag. Det gjorde eg, og fekk beste karakter.

Eg saknar eit samandrag i eit klart språk, fritt for framandord om ikkje slike er naudsynte, som eg kan kjenne er forfatta til meg som ein vanleg person.

Dette vedgår også meg, eg må kunne få vite kor hyttefelta eller dei nye vegane kjem før eg oppdagar at dei er vedteke midt i eit naturområde eg bryr meg om, sjølv om eg ikkje nødvendigvis har eigarinteresser eller nabointeresser her.

Ja, eg har og eit ansvar for å sette meg inn i det eg les, slå opp i ordlista for å finne forskjell på «kommuneplanens arealdel» og «reguleringsplan», det har eg også gjort. Eg kjenner meg riktignok litt dum som ikkje forstår, men eg legg ned dagsverk med innsats for å skjønne det, i ein ellers travel kvardag.

Ja, eg gjer meg litt vrang her for å få fram eit poeng, men eg meiner at i så viktige saker er det avsendar sitt ansvar å sørge for at mottakar finn, og forstår innhaldet.

Dette bør foregå gjennom eit klart språk, med sjølvforklarande vendingar og uttrykk slik at lesaren (også den som ikkje er fagperson) ikkje er i tvil om det er rett papir. Fråvær av fagutrykk og framandord er ikkje fordummande, det er tvert om.

Eg meiner det er eit demokratisk problem at så viktige saker for innbuarane er så lite tilgjengeleg. Dei fleste gir opp lenge før dei kjem til «kommunedelplan» i ordlista. Når det er sagt, ein godt skrive tekst eg kom over i leitinga, er Beiteplan for Oppdal 2018- 2025.

Tor Olav Naalsund, 

Tindevegleder, småbrukar og andrekandidat på Oppdal MDG- lista til kommunevalget 

Kommentarer (2)

  1. Ivar Horvli For 4 måneder siden

    Veldig godt innlegg om ei problemstilling som ofte går att i offentleg sektor. Eg har tidlegare arbeidd i ein statsetat ... Vis mer Veldig godt innlegg om ei problemstilling som ofte går att i offentleg sektor. Eg har tidlegare arbeidd i ein statsetat der vi gjennomførte ein stor aksjon for å rydde opp i ordbruk i offentlege dokument - Klar-språk-aksjonen. Dette bør vere ein kontinuerleg prosess for å gjere offentleg informasjon tilgjengeleg. Ein klok mann sa ein gong: "Det dunkelt sagde, er det dunkelt tenkte - "

  2. Harald Kr. Jære For 4 måneder siden

    Dette innlegget var veldig lett å forstå! Et eksempel til etterfølgelse for å uttrykke seg, også på kommunalt nivå.... Vis mer Dette innlegget var veldig lett å forstå! Et eksempel til etterfølgelse for å uttrykke seg, også på kommunalt nivå.

Legg inn kommentar

Kommentarer (2)

  1. Ivar Horvli For 4 måneder siden

    Veldig godt innlegg om ei problemstilling som ofte går att i offentleg sektor. Eg har tidlegare arbeidd i ein statsetat ... Vis mer Veldig godt innlegg om ei problemstilling som ofte går att i offentleg sektor. Eg har tidlegare arbeidd i ein statsetat der vi gjennomførte ein stor aksjon for å rydde opp i ordbruk i offentlege dokument - Klar-språk-aksjonen. Dette bør vere ein kontinuerleg prosess for å gjere offentleg informasjon tilgjengeleg. Ein klok mann sa ein gong: "Det dunkelt sagde, er det dunkelt tenkte - "

  2. Harald Kr. Jære For 4 måneder siden

    Dette innlegget var veldig lett å forstå! Et eksempel til etterfølgelse for å uttrykke seg, også på kommunalt nivå.... Vis mer Dette innlegget var veldig lett å forstå! Et eksempel til etterfølgelse for å uttrykke seg, også på kommunalt nivå.

Legg inn kommentar
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
>

Mest delt siste 7 dager

Mest kommentert