Tillitsvalgte beklager sterkt kutt i forslag til tiltak:

Ber politikerne om omsorgsløft

Tillitsvalgte innen helse og omsorg i Oppdal ber politikerne snu i torsdagens budsjettmøte og bevilge 1,4 millioner til styrking av bemanningen innen helse- og omsorg i kommunen.

Norsk Sykepleierforbund, avd Oppdal, beklagar på det sterkaste at dei 1,7 millionane og 0,7 millionane, som vart vedteke i handlingsplana på forsommaren, og som mellom anna skulle gå til å styrke bemanninga, ikkje er med i budsjettet for 2020.

Ein ekstra sjukepleiar / helsefagarbeider ville føre til ei rekkje positive og samstundes naudsynte konsekvensar. I staden for å måtte velje mellom det å dekkje på bordet til kveldsmat og utføre medisinske arbeidsoppgåver, slik vi lyt i dag, ville vi kunne gjera arbeidsoppgåver som til dømes medisinske vurderingar og følge opp behandling, sørge for avgjerande dokumentasjon, oppfølging etter legevisitt, samt redusere belastninga på anna helsepersonell.

I dag opplever vi mykje stress og slitasje, noko som igjen aukar faren for at det blir gjort feil. I tillegg har vi ingen søkjarar på ledige vikariat for sjukepleiarar.

Det å sette inn folk frå vikarbyrå, er heller inga god løysning. Da går det med mykje tid til opplæring. Vikarane er her i korte periodar og blir ikkje kjent verken med rutinene eller pasientane, samt at det er svært kostbart for kommunen.

Når det er berre ein sjukepleiar på kveldsvakt, har vi ingen andre å konferera med om faglege utfordringar og alt dette slit på både psykisk og fysisk. Utan auka bemanning vil personalet forsette å forstrekkje seg og vi ser at fleire sjukepleiarar søkjer seg bort.

Kompetanseflukten vi allereie ser , fører til mindre fagfolk , som deretter fører til at vi ikkje kan ta i mot ferdigbehandla pasientar frå sjukehuset.

Dette gjeld både på helsesentret og i heimesjukepleien og fører til store utgifter for kommunen. I 2019 måtte kommunen betale minimum 4800 kroner pr døgn for kvar pasient vi ikkje kunne ta enten heim eller inn på helsesentret. Dette talet er henta frå Helsedirektoratet. Dette fører også til at heimebuande pasientar i større grad må nytte legekontoret for mindre oppgåver som til dømes blodprøver og sårbehandling.

Vi ber kommunestyret innstendig om å finne inndekning for denne styrkinga av kompetanse ved helsesentret og heimesjukepleien i det komande året.

Med vennleg helsing
Ellinor Larsdotter Svisdal
Hovedtillitsvald Norsk Sykepleierforbund , Oppdal kommune
Randi Synnøve Aaberg , Plasstillitsvald avd Høa , Oppdal helsesenter

Elin Tørset, Plasstillitsvald / Nsf avd Tunet , Oppdal Helsesenter
Møyfrid Loe, Plasstillitsvald/Nsf Hjemmetjenestene/ Boas/ Boligene Oppdal kommune
Dordi Hårstad Plasstillitsvald/ Nsf Hjemmetjenestene/ Boas/ Boligene Oppdal kommune

1 Comment
eldste
nyeste mest reagert på
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
Roy Morken
Roy Morken
8 måneder siden

Kommunestyret bør ta dette på alvor, mange sykepleiere som har vært ansatt i Oppdal kommune har funnet seg nye jobber de 2 siste åra.