Sveinung Rotevatn holdt tale under seremonien på Hjerkinn i september da det nedlagte og opprydda skytefeltet ble formelt overlevert til Miljødepartementet.
Sveinung Rotevatn holdt tale under seremonien på Hjerkinn i september da det nedlagte og opprydda skytefeltet ble formelt overlevert til Miljødepartementet. FOTO: Morgan Frelsøy

Statsråden svarer på Espnes-utspill om verneforvaltning på Dovrefjell:

– Det stemmer ikkje

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn mener oppdalsordføreren tar feil i sitt innlegg i siste kommunestyre og i lokalavisene om manglende lokal innflytelse på verneforvaltningen. Vi ignorerer ikke lokal styring, mener statsråden.

Lokal forvaltning av verneområda på Dovrefjell

Nasjonalparkstyret har ansvaret for å ta vare på verneområda på Dovrefjell, på vegne av oss alle. Det er eit mål for regjeringa at forvaltninga skal skje lokalt. Verneområda skal brukast, men på eit vis som tar godt vare på naturverdiane.

Ordførar Geir Arild Espnes i Oppdal gir i innlegg i OPP 2. oktober inntrykk av at miljøstyresmaktene ignorerer lokal styring av verneområda. Det stemmer ikkje.

Det er ingen tvil om at nasjonalparkstyret har forvaltningsansvar for verneområda på Dovrefjell.

Fjellområda her er blant dei flottaste og mest verdifulle i landet. Det håper eg lokalbefolkninga er stolt av. Det gjeld ikkje minst det tidlegare skytefeltet på Hjerkinn. Det har vore i nasjonens teneste for trygginga av landet vårt. Sidan 2018 har det vore i nasjonens teneste som nasjonalpark.

Skytefeltet blei gjort til ein del av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark våren 2018. Denne utvidinga av nasjonalparken blei grundig markert på Hjerkinn same haust, med min forgjengar Ola Elvestuen til stades. Nasjonalparkstyret hadde ei sentral rolle i denne markeringa – sjølvsagt. Då var det dåverande leiar av nasjonalparkstyret som ønska velkommen og som talte om vegen vidare.

Ordføraren meiner nasjonalparkstyret burde hatt ei meir synleg rolle under arrangementet på Hjerkinn no i september. Dette arrangementet var først og fremst ei markering av Forsvaret og Forsvarsbygg sitt eineståande arbeid med å restaurere det tidlegare skytefeltet tilbake til natur.

Restaureringa har tatt 15 år og kosta 600 millionar kroner. Det er fjerna 5.200 dekar vegar og anlegg. Det er planta 47.000 vierplantar og sådd 100 mål med frø frå Hjerkinn.

I samband med feiringa blei det også arrangert ein middag. Den var for dei som har jobba konkret og direkte med restaureringsarbeidet gjennom alle dei 15 år. Verken eg eller andre i leiinga hos miljøstyresmaktene var invitert til denne middagen.

Forvaltninga av norske verneområde skjer i samspel mellom sentrale miljøstyresmakter og lokale verneområdestyre. På den måten tar vi lokale omsyn samtidig som vi tar vare på fellesskapets interesser. I dei aller fleste tilfella fungerer dette utmerkt. Det synest eg vi alle kan vere glade for.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

0 Comments
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer