Det fantastiske kornet bygg – helseeffekter ved seniorforsker Einar Risvik

22.mai, 2019 18.00 Aune barneskole, personalrom

Oppdal bygdekvinnelag inviterer alle med interesse for mat og helse til treff også i år. Vi samarbeider med Aune skole og får med oss ei gruppe elevar i 6.trinn til å lage til maten for kvelden; byggsalat med rundstykke og raffelkaku etter gamal tradisjon i Oppdal.

Vi har invitert ein kapasitet, seniorforskar Einar Risvik, til å fortelje om kornslaget bygg og dei helse-effektane det har for oss. I godt over 20 år har han vore pådrivar for å få bygg sterkare tilbake i kosthaldet. I dei siste åra har han hatt prosjekt knytt til mat og barn på skolen, og er nå på veg inn i prosjekt om mat til eldre. Inngang er i år kr 100. Vi har også ei utlodning i løpet av kvelden med fine gevinstar i år som i fjor

Vi er stolte over tradisjonane i Oppdal og vil vera med på ein aksjon for å få opp interessa for kornslaget bygg som enda til kan dyrkast i Noreg; no i ein foredla utgåve kalla duga. Sorten er å få kjøpt som middagsbygg og treng ikkje vatnast ut over natta, og brukar same koketid som middagsris.