Lunsjtreff 60+/-

12.juli, 2019 12.00 Lønset kafe

Vel møtt til sosial samling for godt vaksne (60+/-) i dei nyetablerte kafelokala som Lisen Lindstrøm no driv på Lønset. Her kjøper vi kaffe/te med noko attåt medan praten går om laust og fast. Nokre fredagar blir det organisert eit kort program med kåseri, historieforteljing, framsyning av ljosbillete, musikkinnslag  mm. Her kan kvar einskild gjerne bidra etter tur. Vi startar denne delen ca kl 1245, og vi tar sikte på eit tema om lag annankvar veke. Denne delen vil som regel foregå i Fotomuseet som ligg vegg i vegg med kaffelokalet.

Vel møtt til triveleg samver!