Lunsjtreff 60+

24.mai, 2019 12.00 Lønset kafe

Vel møtt til sosial samling for godt vaksne (60+?) i dei nyetablerte kafelokala på Lønset. Vi startar med å samlast i kafeen som Lisen Lindstrøm no har starta opp i eigen regi. Her kjøper vi kaffe/te med noko attåt etter eige ønskje medan praten går. Det blir i tillegg organisert eit lite program med kåseri, historieforteljing, framsyning av ljosbillete, musikkinnslag  mm. Her kan kvar einskild gjerne bidra etter tur. Vi startar denne delen ca kl 1245, og vi tar sikte på eit tema om lag annankvar veke. Under denne delen av samveret trekker vi nokre gonger inn i nabolokalet i Fotomuseet, litt avhengig av interessen frå dei andre kafegjestane som er til stades.

Vel møtt til triveleg lag!